mandag 15. mars 2010

Arbeidskrav 2

Det å arbeide med blogg og netvibes aktiv var nytt for meg før forge ikt samling i februar 2010. Gjennom dette arbeidskravet har skreve fleire bloggar og kommentert andre sine bloggar. Litt frustrert er eg over at så mange fagside ikkje er RSS merka og dermed får eg ikkje lenka dei opp i netvibes.
http://www.netvibes.com/nydallaila

Legg ved nokre av bloggane eg har kommentert i dette arbeidskravet:

Hege sin blogg , Fagblogg og Wenche sin blogg.









onsdag 10. mars 2010

Kva gjer du når du blir krenka på nettet?

Datatilsynet opna 8. mars ei nettside som heiter slettmeg. Denne nettside kan gje deg råd og veiledning dersom du føler deg krenka på nettet. Dette er ei rådgivningstjeneste som kan seie noko om korleis du skal gå fram dersom du ynskjer å fjerne bilde, video eller anna informasjon som er støytande og krenkande frå nettet.
Her finn du også innformasjon om lover og retingheiter og kva som er tillatt og publisere på nettet.


http://nrkbeta.no/2010/03/08/slett-meg-fra-internett/

torsdag 4. mars 2010

Delingskultur på sosiale mediar

Bruken av internett og sosiale mediar har ført til at ein delar og produserar stoff sjølv, på kryss av landegrenser og samfunnslag. Mange av webtjenestane innanfor Web 2.0 er lagt opp til at ein skal produsere og dele tekst gjennom meiningar, erfaringar og opplevingar.

Ein delar bilde, video, musikk/lyd, interesse som ein sjølv eller andre har produsert. Web 2.0 har brukaren i sentrun, for det er brukaren som produserar eige innahald som dei delar, og dei delar andre sitt innhald. Ein bør gå nokre rundar med seg sjølv i kor personleg og privat ein ynskjer å vere i forhold til det ein legg ut stoff om seg sjølv på nett. Eg trur vi har ulike tersklar her alt etter alder, kjønn, bakgrunn.



Dei unge blir kalla nettgenerasjonen, og for mange av desse er deling ikkje noko problem. Det er blitt ein naturleg del av kvardagen. Ser vi på Wikipedia som er eit brukarskapt nettleksikon. Her har brukaren laga eit nettleksikon som gjer at brukaren når som helst kan redigere sider og innhald.




Vibeke Kløvsta og Tanja Storset har uttalt det slik;
"For mange av dei unge er det naturleg å bruke Internett til utvikling av eingen identitet, kopetanse og kultur. Dei brukar internett til å skaffe seg informasjon, dei tilførar ny informasjon, dei bruker det til underholdning og offentliggjær meiningar, diskuterer sine tanker, bilder og relasjoner i ulike nettverk"

http://deltemeninger.no/-/page/show/2807_vil-du-laste-ned-web-2-0


Bruken av ulike nettsamfunn er kansje den viktigaste aktiviteten for mange ungdommar på internett. Det er her dei kan følgje med på kva som skjer. Dette gjer at informasjon sprer seg fort. Den erfaringar eg har med ungdom gjennom jobb og privat er at dei unge brukar dageleg ei god stund på ulike sosiale mediar, det vere seg facebook, twitter, netty eller andre.

Lokalavisa Firda har eit interjuv dei kallar "Ung og lovande" i avisa kvar dag. Her blir unge personar i Sunnfjord interjuva. Eit av spørsmåla dei får er kor lang tid dei brukar på sosiale medium som t.d facebook. Mange unge som blir interjuva seier brukar 2 timar eller meir på ulike sosial medium. Det er og enkelte som seier at sosiale medium er avhengigheitsskapande. Då unge brukar så mykje tid på sosiale medium, viser dette kor sentral plass dette har i deira kvardag og liv.


Deling på innternett har både posetive og negative sider. Negative sider er det dersom personar blir sikanert, trakasert, får truslar, blir mobba gjenom tekst, bilde og video som blir lagt ut. God nettvett er viktig for å kjempe mot feil buk. Utfordringar fom mange er å få gode "nettvett" vanar i forhold rett bruk. http://www.nettvett.no/ikbViewer/page/nettvett/forside

Eg meinar at dersom vi ser at nettet blir brukt negativt ovanfor personar, så må vi vere tøffe nok til å seie i frå. Både til den personen/personane som produserar slik og den/dei som blir ramma.

Eg legg ut ein sekvens frå Puls ekstra som har tittelen "Se meg". Programet tek opp kva som skjer sidan vi stadig oftare vil bli sett og hørt i det offentlige rom. Ulike personar blir interjuva og kjem med sine tankar.










onsdag 3. mars 2010

Læringsressursar for Vg1 Restaurant og matfag

Eg vil i denne bloggen presentere ulike læringsressursar som kan vere aktuelle å nytte i undervisninga på restaurant og matfag. Dette skuleåret på Vg1 restaurant og matfag ved Øyrane vidaregående skule, har ikkje elevane eigne bøker i programfaga. Dette har gjort at vi har blitt utfordra til å nytta digetale hjelpemiddelmykje meir enn vi har gjort tidligare år.

NDLA - Nasjonalt digitalt læringsenter
Programfaga som er representert på denne sida er; råstoff og produksjon, bransje, fag og miljø og kosthald og livsstil. Her kan du finne fagstoff frå alle dei 12 yrka innanfor restaurant og matfag. Her kan du finne kompetansemål, fagstoff, video, oppgåver, lenkjer og oppskrifter



Gyldendal forlag.

Gyldendal forlag har fire digetale lærebøker innanfor programfaget dette er; råstoff, og produksjon, hygiene og mikrobiologi, kosthald og livsstil og bransje, fag og miljø. Det som er svært positivt er at du kan læreverket både på nynorsk og bokmål. I tilegg kan du opplest teksten i boka, og dette er svært flott med tanke på elevar som har dysleksi og slit med å lese og med seg innhaldet i teksten.













Mange er usikre på kva yrke dei vil utdanne seg til når dei startar på Vg1 Restaurant og matfag. Det er viktig at elevane brukar tid på dette og stiller seg spørsmål om interesse, anlegg, motivasjon, kva yrket inneber og om dei passar til det. I faget bransje, fag og miljø arbeider vi med dei ulike yrka, dei får prøve det ut i praksis på verkstad. I faget prosjekt til fordjuping skal elevane velje eit fag dei vil fordjupe seg i. Legg ved ein del nettsider kan vere aktuell og nytte i denne samanheng.
http://www.restaurantogmatfag.no/
http://www.vilbli.no/4DACTION/WA_Forsiden?ASP=12710296&Ran=63966&Niva=V&TP=10-03-10

Vi har ulike opplysningskontor som har gode nettsider:
Opplysningskontoret for brød og korn
Opplysninskontoret for mjølkeprodukt
Opplysninskontoret for kjøtt
Opplysninskontoret for frukt og grønt

Lenker som er aktuelle når ein arbeider med fisk

http://www.godfisk.no/

http://www.seafood.no/

http://www.laksefakta.no/