torsdag 4. mars 2010

Delingskultur på sosiale mediar

Bruken av internett og sosiale mediar har ført til at ein delar og produserar stoff sjølv, på kryss av landegrenser og samfunnslag. Mange av webtjenestane innanfor Web 2.0 er lagt opp til at ein skal produsere og dele tekst gjennom meiningar, erfaringar og opplevingar.

Ein delar bilde, video, musikk/lyd, interesse som ein sjølv eller andre har produsert. Web 2.0 har brukaren i sentrun, for det er brukaren som produserar eige innahald som dei delar, og dei delar andre sitt innhald. Ein bør gå nokre rundar med seg sjølv i kor personleg og privat ein ynskjer å vere i forhold til det ein legg ut stoff om seg sjølv på nett. Eg trur vi har ulike tersklar her alt etter alder, kjønn, bakgrunn.



Dei unge blir kalla nettgenerasjonen, og for mange av desse er deling ikkje noko problem. Det er blitt ein naturleg del av kvardagen. Ser vi på Wikipedia som er eit brukarskapt nettleksikon. Her har brukaren laga eit nettleksikon som gjer at brukaren når som helst kan redigere sider og innhald.




Vibeke Kløvsta og Tanja Storset har uttalt det slik;
"For mange av dei unge er det naturleg å bruke Internett til utvikling av eingen identitet, kopetanse og kultur. Dei brukar internett til å skaffe seg informasjon, dei tilførar ny informasjon, dei bruker det til underholdning og offentliggjær meiningar, diskuterer sine tanker, bilder og relasjoner i ulike nettverk"

http://deltemeninger.no/-/page/show/2807_vil-du-laste-ned-web-2-0


Bruken av ulike nettsamfunn er kansje den viktigaste aktiviteten for mange ungdommar på internett. Det er her dei kan følgje med på kva som skjer. Dette gjer at informasjon sprer seg fort. Den erfaringar eg har med ungdom gjennom jobb og privat er at dei unge brukar dageleg ei god stund på ulike sosiale mediar, det vere seg facebook, twitter, netty eller andre.

Lokalavisa Firda har eit interjuv dei kallar "Ung og lovande" i avisa kvar dag. Her blir unge personar i Sunnfjord interjuva. Eit av spørsmåla dei får er kor lang tid dei brukar på sosiale medium som t.d facebook. Mange unge som blir interjuva seier brukar 2 timar eller meir på ulike sosial medium. Det er og enkelte som seier at sosiale medium er avhengigheitsskapande. Då unge brukar så mykje tid på sosiale medium, viser dette kor sentral plass dette har i deira kvardag og liv.


Deling på innternett har både posetive og negative sider. Negative sider er det dersom personar blir sikanert, trakasert, får truslar, blir mobba gjenom tekst, bilde og video som blir lagt ut. God nettvett er viktig for å kjempe mot feil buk. Utfordringar fom mange er å få gode "nettvett" vanar i forhold rett bruk. http://www.nettvett.no/ikbViewer/page/nettvett/forside

Eg meinar at dersom vi ser at nettet blir brukt negativt ovanfor personar, så må vi vere tøffe nok til å seie i frå. Både til den personen/personane som produserar slik og den/dei som blir ramma.

Eg legg ut ein sekvens frå Puls ekstra som har tittelen "Se meg". Programet tek opp kva som skjer sidan vi stadig oftare vil bli sett og hørt i det offentlige rom. Ulike personar blir interjuva og kjem med sine tankar.










2 kommentarer:

  1. Hei Laila:-)
    Eg har sett litt av denne filmsnutten. Tykjer det eg har sett er interessant.

    Må sei eg blir fasinert av bloggen VOE og kor mange lesarar ho har dagleg.

    Dei tok opp kva folk skriver på veggen sin på facebook, er ikkje alltid eg forstår kvifor folk publiserer så mykje der. Har nokon 500 venner på fjesboka, er "ting" vertfall ikkje hemmeleg lenger.

    SvarSlett
  2. Eg prøvde å få sett filmen din, men eg fekk problem meg nedlastinga av den. Men temaet som blir tatt opp er høgst aktuelt, og med fleire og fleire som har tilgong til internett både heime og på skulen blir kanskje nettsamfunn eit av dei viktigaste sosial media for ungdom. PÅ godt og vondt. At det er viktig å få sagt frå viss nokon føler seg missbrukt eller dei finn bilde, tekst eller anna, er sjølvsagt for oss som vaksne og som lærarar, men eg er litt usikker på korleis det er med ungdom. Tørr dei å seie i frå? Eller reagere dei med å "seie igjen", legge ut mindre flaterande bilete av den som først har kagt ut noko? Er trur elelr kanskje håpar at etterkvart som vi blir vante til nettsamfunn at vi og blir meir kritiske til bruken av dei. Ein ender med å ikkje ha noko privatliv igjen om ein legg ut for mykje. Eg veit ikkje heilt korleis vi skal få ungdom (og vaksne) til å skjøne at litt "mystikk" rundt personen sin kan vere spennande. Alle treng ikkje å vete alt!

    SvarSlett